mandag 30. desember 2013

fotosjåppleik no. 25




Etterkvart som denne leiken fann form 
kjente eg at den er oppsummering av jula.
Det er fint når det indre finn ei ytre form,
og at ein ikkje oppdager det før prosessen nesten er over.

Eg har tenkt litt på dette med å ha eit ord eller uttrykk for 2014.
Noko eg ønsker skal manifestere seg.
Det kom til meg like før jul og eg har kjent på det ei stund.
Kvifor det kom til meg på engelsk er eit lite mysterium 
og eg har ikkje klart å oversette det på ein god måte.

In to the wilderness

Det skremmer meg og fyller meg med frykt.
Samtidig erkjenner eg at frykta kan brukast som vegvisar.
Motviljen legger seg over draumane mine, 
viljen dansar i hjertet og vil så gjerne bli høyrt.

Mitt største håp for året som kjem er at eg tør å stole på vengene mine.

Eg ønsker deg eit rikt 2014.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar