søndag 16. mars 2014

Fullmånebabbel








Denne helga har eg vore heldig og fått være med å bidra på loppemarked i bygda mi.
Arrangementet vart dratt i gang av nokre flotte, unge damer med driv og ønske om 
å få til utvikling i nærmiljøet. Veldig kjekt og veldig givande.
Eg fant nokre skattar til meg sjølv også, noko som var ein fin bonus.

Det var så fint å sjå så mange ulike menneske. Nokre kom inn målretta og med falkeblikk.
Dei visste kva dei var ute etter og jobba systematisk. Runde etter runde.
Andre igjen, sette mest pris på praten og en kopp kaffi.
Ungane gjorde "kupp" for ein femmer og sprang ut igjen med stjerner i augene.
Det kom innvandrarfamiliar som sette pris å få forklart kva ulike ting var
og som kjente seg heldige fordi dei fekk kjøpt fine ting til ein god pris.
Ei eldre dame fann ein fin vase ho likte så godt, men turte nesten ikkje kjøpe den fordi ho hadde så mykje frå før. Eg fekk overbevist ho om at den fortjente ho.
Nokre venta i kø før dørene åpna, andre kom like før vi stengte.
Alle håpte på å gjere ein god handel og det trur eg dei fleste gjorde.

Herleg helg.
(og ja, det er fullmåne i kveld. Nyt han!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar