fredag 21. mars 2014

I sitt rette element




Her er Frode i sitt rette element. I snikkarbua full av verktøy og material.
Han trivast best når han kan få være kreativ 
og no er han i gang med ei benkeplate i eik. 


Fotosuget tok meg og iført klogger med vernetå steig eg inn i det aller helligaste.



Frode er flink til å ta vare på verktøy og utstyr. 
Og fint plassert på ei hylle, i gullramme,
står bilder av eit kjærestepar for snart 20 år sida
og Frode med hunden han hadde ansvar for i Libanon, Chico.


Snikkarbua har han innreda med gamle kjøkkenskap, gamle nattbord i teak
og ein masse egenlaga hyller og oppbevaring.
Han har mykje verktøy og veit å fikse/lage det meste ein kan tenke seg.





Kven vil vel ha ei garasje uten utsikt…


…og eigen terasse.



Der ein kan filosofere over nye ideer. Og slappe av litt mellom arbeidsøktene.


1 kommentar: