fredag 9. mai 2014

Den tyske bakaren










I London hadde vi eit lite, koselig bakeri like rundt hjørnet.
Bakeriet tilbyr arbeidstrening for mennesker som er på veg tilbake frå psykisk sjukdom.
Ein morgon gjekk eg og Frode for å kjøpe ferskt brød til frokost,
vi vart møtt av ein blid og imøtekommande tysk bakar.
Eg tok meg i å kjenne eit ubehag fordi han såg annleis ut,
han hadde mista mykje hud i eine munnviken og det var åpent rett inn til tennene.

Eg tok meg sammen, såg han i augene og lytta til det han hadde å sei og vi kjøpte både brød
og andre godsaker frå bakeriet. Når vi kom ut og var på veg tilbake til leiligheten
var eg veldig skuffa over meg sjølv. Kjente meg svak og ynkelig som hadde følt dette ubehaget. 
Eg har verdens beste kjæreste og bestemte meg for å lufte det eg hadde kjent med han.

Han var åpen og raus og hadde forståelse sjølv om han ikkje hadde opplevd det slik som meg.
Så sa han det som eg fortsatt tenker på;
Ein ting er kva du følte, men tenk kva han føler om seg sjølv
og likevel velger han møte mennesker i jobben sin.
(Dette er ikkje ordrett gjenfortalt, men essensen i det er der.)
Det rørte meg veldig og eg tenker på det ofte.
På kor sterk denne tyske bakaren er og på kva eg lærte av å være åpen om kva eg kjente.

.

Better Health Bakery, les meir her.
Litt vekkgøymt og avsides, men SÅ verdt eit besøk om skulle du befinne deg i Aust-London.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar