søndag 18. mai 2014

I lyset av åpenheten


Vi kan ikkje vite, før vi har erfart.
Det er ikkje alt vi vil vite og difor trenger vi heller ikkje å erfare det.
Takk og lov.

Likevel er det nokre gonger ein så veldig gjerne skulle ha visst,
men det er ikkje mogleg.
Då kan vi prøve å sette oss inn i det, prøve å forstå så godt vi kan.
Kanskje er vi i nærheten, men vår kunnskap 
blir uansett begrensa av mangel på erfaring.
Vi blir ståande litt på sida av det vi vil vite,
vi blir triste, frustrerte, sinte, redde.

La det være lov å kjenne det slik,
det er noko å lære av dét óg.

Vær åpen og raus,
gi rom - både til deg sjølv og dei du glad i.
Vi veit litt, men aldri alt.

Det er mykje kjærlighet i å være ærleg om kva ein kjenner.
Sårbarheten blir til å ta og føle på,
men vi gror best i lyset av åpenheten.




Fordi eg elsker deg.



1 kommentar:

  1. Hege, du treff meg så innmari! Heile tida.

    Og no er du òg i sitatboka:

    "Det er mykje kjærlighet i å være ærleg om kva ein kjenner."

    SvarSlett