søndag 29. juni 2014

Ein fot på kvar side




Eit bilde
vrengt i fotoshop. 
Fargar metta,
andre trekt i frå.
Meir kontrast,
mindre lys.

Eg beveger meg vekk 
frå det som var,
skaper og leiker
Likevel med respekt
for det originale.

På kanten av
komfortsona,
ein fot på kvar side.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar