søndag 6. juli 2014

For alltid





Eg har sett bilder av han i Spania på tyrefekting.
Ung, fri og glad. 

Han berre måtte kommentere det kvar gong
det var nokon fra fylket hans på TV,
- "Han er telemarking han der".

Apropos TV,
han elska å sjå sport.
Og spesielt skihopping.
Han var ung og lovande innanfor hopp sjølv,
hadde eit skap fullt av premier heime på Hjuksebø.
Både heimen og pokalane forsvann i ein brann.

Morgan Kane og Modesty Blaise og James Last.
Enkelte vil seie at han hadde litt harry smak.
Eg vil seie at han hadde unik smak.

Han hadde stor omsorg for dei som står litt utanfor.
Spesielt ein kamerat som var litt for glad i flaska,
sjølv om mamma ikkje ville sleppe han inn når han var full -
så fekk han komme inn. 
Og hvis ikkje, så fekk han skyss heim.

.

Det er fint å dykke ned i minnene,
dei er mange og dei er gode.
Dei forklarer meg og den eg er.
Dei gir meg lengsel og smerte,
fordi eg ikkje får fleire.
Dei gir meg glede og smil,
og eg er takknemlig for dei eg har.

.

For tretten år siden visste eg at han skulle dø.
Dei siste ti dagane av livet måtte han tilbringe på sjukehus.
Det var brutalt.
For han visste òg.

.

Eg saknar min pappa kvar einaste dag.
I hjartet mitt finst kjærligheten han ga.
Så uendelig raus, så innmari snill.
Slik husker eg han.
For alltid.



1 kommentar:

  1. For alltid <3 Fine, fine Hege.

    "Det er fint å dykke ned i minnene,
    dei er mange og dei er gode.
    Dei forklarer meg og den eg er.
    Dei gir meg lengsel og smerte,
    fordi eg ikkje får fleire.
    Dei gir meg glede og smil,
    og eg er takknemlig for dei eg har."

    Betre kan det vel ikkje seiast.

    SvarSlett