torsdag 3. juli 2014

One life, you got to do what you should







Eg liker veldig godt å skrive, men merker at eg unngår det.
                                       Meir riktig, eg fryktar det.                                         
Bildene mine er så absolutt personlege,
men dei kan kvar enkelt legge sitt eige til.
Det eg skriver blir nærare, meir utleverande.
Eg slepp deg for tett innpå. 

Ofte kjem eg på bra og viktige ting å skrive om,
så glepp ideane før eg får dei ut.
Fryktelig irriterande og veldig lettande.

.

I sommar skal vi til Stockholm.
Gleder meg til å utforske ein ny storby. 
Spesielt gleder meg til å besøke Fotografiska.
Veldig fine utstillinger der no, kanskje spesielt den her.

.

U2 var min første musikkforelskelse 
og forholdet er fortsatt sterkt.
Mi første plate med dei, rettare sagt CD - var Achtung Baby.
Kjøpte den fra Scandinavian Music Club.
Songen som greip tak i hjartet mitt, 
og som aldri har slept taket - er One.
Unn deg fire minutt med ein ung Bono





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar