fredag 4. juli 2014

Sjølvlært/autodidakt








Er det godt nok å være sjølvlært, 
eller autodidakt som det så fint heiter ?
Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv mange gonger.
Svaret eg gir meg er ja, til hobbybruk er det godt nok.
Til å ta hobbyen vidare og tørre gjere meir betalt fotografering
(såkalt profesjonelt arbeid), så sliter eg med å kjenne at sjølvlært er godt nok.

.

Eg trur ikkje eg er aleine om å ha desse tankane.
Trur vi er ganske mange som kjenner at vi mestrer godt nok til husbruk,
har ønske om å ta det vidare, men trur ikkje vi er bra nok til det.
Kven er det vi venter på at skal sei at vi er bra nok ?
Alle kan sei at vi er flinke, men vi MÅ tru på det sjølv.
Den trua kan eg kjenne snev av no og då,
men den forsvinn igjen like fort. 
 Ønsker meg eit mentalt verktøy for å klare å halde på trua litt lenger.
Tar gjerne i mot tips.

.

Det finnes ei rekke kjente 
sjølvlærte/autodidakte mennesker. 
Kan nevne at Charles Dickens slutta på skulen når han var 15 år,
Thomas Alva Edison fekk heimeundervisning av mor si 
fordi lærarane ansåg han som evneveik, 
Walt Disney lærte seg tegneseriekunsten via brevskule.
Når eg googla kjente autodidakte så slo deg meg 
at listene i alle hovedsak bestod av menn. 
Kor er damene ?






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar