søndag 13. juli 2014

Våt Moro - Fredag








I helga har det vore Våt Moro i Florø
og alt klaffa med vær og vind.
Mykje folk, god stemning og rikelig med muligheter 
for opplevelser.
Eg tar som vanleg ansvar for dokumentasjon 
og må difor være tørrskodd til ei kvar tid.
(bittelitt pysete er eg iallefall ikkje)

Minstemann fekk prøve vannscooter og rappellering.
Han gleder seg til å fylle 16 år,
då kan han prøve alt av aktiviteter.
Han er (litt for) glad i opplevelser som gir adrenalinkick.

Ein veldig flink mediagjeng har skapt nokre fantastiske filmer 
frå festivaldagane, sjå dei her, her og her.
Betre Florø-reklame trur eg ikkje det kan lagast.

Kjem bilder frå lørdagen i eige innlegg seinare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar