søndag 3. august 2014

Fotografiska



Eit av mine høgdepunkt i ferien var Fotografiska i Stockholm.
Eg hadde rimelig høge forventninger og museet levde virkelig opp til dei.
Det var fint å sjå korleis ekte kjærlighet til fotografi og fotokunst
har manifestert seg innanfor veggane her.


Eg og Tobias rusla rundt eit par timer og det var mykje å ta inn.
Bildet over er frå Isaac Julien sin videoinstallasjon Ten Thousand Waves.
Sterkt om ei gripande historie som fortjener oppmerksomhet.
Les meir her.




Sebastio Salgado sitt verk - Genesis - hadde fått mykje plass i museet.
Og det er fortjent, fantastisk bilder som virkelig 
åpna augene mine for svart/kvitt - fotografi.
Dei bildene eg hadde sett på forhånd, i markedsføringa av utstillinga,
var ikkje dei som greip meg mest. Trur nok eg må skaffe meg boka.




Lu Kowski - Melancholia
Tobias oppsummerte desse bildene greit,
- Det der var skummelt.
Marerittaktige bilder som virkelig fekk det til å vrenge seg på innsida.

Eg tok veldig få bilder når vi vandra gjennom utstillingane.
Bilder av bilder liksom, kjentes ikkje riktig.
Dana Sederowsky og Lisa Ross var også utstilte på museet.
Sjekk innom Fotografiska si nettside, så kan du sjå meir av dei.

Vi rakk heller ikkje å besøke restauranten,
men vi kosa oss med is på utserveringa
og eg brukte ein del tid og penger i museumsbutikken.




Eg gleder meg til å besøke Fotografiska igjen.
Utsikta mot Stockholm er ganske grei óg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar