fredag 1. august 2014

Lys




Alt snakk om å være seg sjølv, finne seg sjølv.
Veit du, du er alltid deg sjølv.
Eg er alltid meg. 
Både på godt og vondt. 

Eg har lest ein haug med sjølvutviklingsbøker,
eg har gått kurs, tatt utdanning i coaching.
Likevel er eg den samme.

Min viktigaste lærar i livet har vore motstanden, sorga og smerten.
Utan mørket, hadde eg ikkje vore takknemlig for lyset.
Det er i lyset eg vil være, det er mitt eige lys eg vil dele med andre.

Fotografi betyr å male med lys.
Det er mitt ønske at mennesker ser litt av sitt eige lys i mine bilder av dei.
Det er mitt ønske at mennesker finn ro og kvile i naturbildene mine,
at dei kan åpne opp for undring og meditasjon. 
At dei kjem nærare sin eigen kjerne, sitt eige lys.

Vi fortjener alle å kjenne ein levande flamme i hjartet vårt,
å åpne opp for draumen i har i oss.

.

Kjære universet, no hoppa eg!





1 kommentar:

  1. " Alt snakk om å være seg sjølv, finne seg sjølv.
    Veit du, du er alltid deg sjølv."

    Det er ein grunn til at eg automatisk søker hit når eg har det litt kjipt (ikkje berre då, altså). Og alltid føler meg betre, rikare.

    PS: Du er nydeleg.

    SvarSlett