søndag 31. august 2014

Onkel og lille hjelper





I sommar har vi dyrka vår eigen salat, tomater, persille og anna.
No drøymer vi om drivhus og meir ureist mat.
Vi har ofra den grønne pyramiden vår (ei stor formklipt nålebusk)
for å lage plass. 

Vi var heldige og fekk bror til Frode på plass med gravemaskin 
før helga for å grave opp rota. Den var svær! 
Og i dag fekk vi besøk av vår lille hjelper.
Full av energi og virkelyst drog han laust røtter, krafsa jord 
og fylle trillebår etter trillebår med stein og kvist.





Flinke arbeidskara trenger skikkelig pausemat,
plommer frå eigen hage fungerer bra. 
Pluss kaffi og vatn. Og ostepop.




Ein liten fugl hadde sitt etegilde i jordhaugen,
veldig modig snappa han til seg makk etter makk
innmellom krafsehakkinga - og var glad for ein pause han óg.




Frode og lille hjelper jobba lenge og fekk gjort mykje.
Dei var sjølvsagt innmari fornøgde med eigen innsats.





Etterkvart fekk pappaen til vår lille hjelper lyst til å jobbe
og han stod på så svettedropane spratt. 
Det tok eg ikkje bilde av. Sorry lillebror!
Men tusen takk for hjelpa!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar