søndag 10. august 2014

Samfunnsopplysning




Eg er fan av samfunnsopplysning 
og synes at dette er noko eg burde vie plass til på bloggen.
Ein skal sjølvsagt halde seg til fakta og ikkje overdrive,
for dette er jo seriøse greier.

Let´s start;

1. Det er plass til ein storvokst schæfer i bagasjerommet 
til ei stasjonsvogn av type Toyota Avensis.

(Hunden trivast, han er berre ikkje så glad i å bli tatt bilde av.)




2. Vegen frå Førde til Askvoll garanterer både urban
og rautande trafikk i mot.

(Naturen og omgivelsane er vakre og imponerande,
men dette var på plass før samfunnet oppstod 
og difor ikkje verdt å nevne som samfunnsopplysning.)




3. Denne krakken finn du framfor inngangen til 
Helle Fabrikker i Holmedal.


(Den er tydeligvis brukt. Kan det være rimelig å anta at dette er eit tiltak 
for bukt med røykarane på fabrikken ?)

PS. Det var ingen andre benker eller sitteplasser på utsida av fabrikken.




4. Holmedal er ein fin plass med eit lite og flott parkanlegg ned mot sjøen.

(Straffa for å ville ta eit kombinert selfie- og landskapsbilde, 
vart ei "tenna på tørk"- greie. Som får meg til å le og le.
Ei latterlig straff i grunn. Ja, veit - det her begynner å bli rimelig sært.)




5. I går var det gatefest i Dale.

6. Dei har ein bra bryggeripub i Dale.

Bonusopplysning.

7.  Pub'en stenger matserveringa klokka sju.
(KA FAEN ER VITSEN MED DET ???)

.

Og hang du med heilt til endes i dette superlange og superseriøse blogginnlegget,
så takkar eg for samfunnsengasjementet ditt.
Godt val! (Neste år ein gong.)

1 kommentar:

  1. Ahahahaa, eg såg tenna på tørk-greiene :D
    Gøy innlegg!

    SvarSlett