onsdag 17. september 2014

Bli med på tur



I dag har eg fri og tok med meg hund og kamera på tur.
Bildet over er det første eg knipsa i dag.
Eg hadde trettiåtte bilder med meg heim på minnebrikka,
tenker ikkje å legge ut alle.
Men nokre av dei og i kronologisk rekkefølge.

Bli med på tur.




Kva eg velger å fotografere blir styrt av intuisjonen min,
heile prosessen er som ein meditasjon, ei sentrering.
Ein fin måte å samle seg på.





Når ein går i skogen endrer lyset seg fort
og kvitbalansen blir litt så som så.
Men det er ikkje teknikk eg fokuserer på,
eg øver meg på å lytte innover og kjenne etter.





Kjekt med turkamerat og haustfarger.






Når eg går tett på bruker eg stort sett manuelt fokus,
då kan eg bevege meg i motivet og få fram skarpheten 
akkurat der det kjennes rett.




I begynnelsen kjennes det som om at eg leiter etter motiv,
presser dei litt fram. 
Etterkvart går dette over til at motivene kjem til meg,
då handler det kun om å være oppmerksom.





Eg liker godt å plukke litt med bildene mine,
men i dag har eg gjort minimalt med redigering.
Litt ekstra kontrast og skarphet for å få bildene rikare.




Ein herleg måte å starte dagen på,
anbefalast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar