lørdag 20. september 2014

How green was my valley




I går reiste eg på Vevringutstillinga.
Det er 35 år siden denne utstillinga fann stad første gong,
den er fortsatt høgst aktuell og tiltrekker seg kunstnarar frå heile verda.

Nesten flaut at eg kun har vore der to gonger.
Det er virkelig fantastisk å sjå ei lita bygd samle seg om kunsten.




Eg var maks heldig med været i går
og kunne virkelig kose meg med å rusle rundt å sjå.

På veg opp bakken til eine kunstlåven såg eg alle desse fuglane
og undra meg over at dei ikkje flaug avgårde.
Så var det eit av utendørsverkene sjølvsagt.





Vevringutstillinga har oppnåd ein slags kultstatus i Norge,
og det er stor variasjon i kva som blir vist fram.



Her driv dei med pussing og gravering av ein traktor.





I møkkakjelleren under Agnar og Sarah Thingnes sin fjøs
var det det ein videoinstallasjon.
Eg trudde først at det berre var lys på veggane.
Bestemte meg likevel for å bli ståande og sjå litt, så oppdaga eg dråpane.
Veldig subtilt, små dråpar som rann nedover veggane.
Eit kunstverk som krevde at eg var tålmodig og oppmerksom,
som fekk meg å finne ro. 

Det var godt å oppleve.
Det var godt å komme ut.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar