torsdag 6. november 2014

What makes you happy ?




Det som gjer meg glad kan være så forskjellig.

Eg blir inn i margen glad av å fotografere. 
Ligge på magen i skogen og leike fram akkurat rett fokus 
på ein liten maur som kryper på bakken,
samtidig som eg kjenner at knær og albuer blir kalde av fuktig mose. 
Då er eg så innmari til stades i det eg held på med.

Bruktfunn kan gjere meg skikkelig glad.
Som når eg fant fleire glass i serien som eg arva etter besta.
Eller når den perfekta lampa plutselig dukka opp på brukt'n.
Kjennes om ein lykkerus rett og slett.
(Liker så veldig godt ting med sjel og ting som har ei historie frå før.)

Å hauste sjølvdyrka bær, grønnsaker og urter må ein jo berre bli glad av.
Eit lite frø som ved hjelp av litt jord og kjærleik, veks seg til tomatar, salat, redikker, sukkererter.
Det er magisk rett og slett.

Sola gjer meg glad. 
Spesielt når ho kjem igjen etter å ha vore fraværande ei stund.
Det gir sånn instant energiboost.
Herlig.

Når eg hadde hekla mi første bestemorrute etter å ha knota lenge,
då vart eg glad. Heia YouTube! Min hekleguru!
Mestring generelt gjer meg glad og spesielt når det tek litt tid å finne ut av det,
og plutselig så berre løsner det. 

Det som gjer meg mest glad er når gutane mine og kjæresten min er glade.
Samme kvifor. Når dei har det godt, så har eg det godt!




4 kommentarer:

  1. Så fine ting - kan skrive under på dem alle! Håper du får en dag full av glede i morra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk fine, ukjente deg! Eg er glad for at du kom på besøk og for at du la igjen ord.

      Slett
  2. Kan sige amen til det hele, selv om jeg ikke mestrer fotograferingen som du :) At besøge din blog gør mig også altid glad - og eftertænksom.

    SvarSlett