onsdag 3. desember 2014

Det blir lysare.





Eg har vakna fryktelig redd,
ei redsle som ikkje har mildna 
før ho har slete meg ut og eg ikke orka være redd meir.
Altfor mange slike dager har eg hatt i det siste.

Har prøvd å halde meg i aktivitet,
tenke på andre ting. 
Øvd meg på å sei at det er i orden,
at valget eg tok i vår var nødvendig.

Eg har lite erfaring med å stå på vaklande grunnmur,
sjølv om livet har gitt meg nokre motbakkar.
Finaste kjæresten har sagt om og om igjen at det kjem til å ordne seg,
at det eg går gjennom no er ein del av prosessen.
Han har rett, det kjenner eg.

Mest av alt vil eg bytte ut frykta med juleglede,
truleg må dei leve side om side ei stund til.
Eg har ønsker og drømmer for kva framtida skal bringe,
eg graver på botnen for finne nøkkelen til å forløyse dette.

Å hoppe uten sikkerhetsnett vil av mange blir sett på som idioti.
Eg har banka meg sjølv mentalt så jævla mange gonger siste vekene.
Hovudet mitt har vore så fullt at det har vore umulig kjenne 
etter i hjartet kva som var årsaken til valget mitt.

Det kjennes litt betre no,
eg veit eg har gjort rett.
Det blir lysare, eg ser klarare.

No handlar det mykje om rett fokus.
Om å velge tanker som er gode for meg.
For det skal bli bra,
veldig bra!




2 kommentarer:

  1. Det blir bra! Og sjansen for selvoppfyllende profeti er stor når du tenker slik du gjør! :-) Stå på! (Og lykke til med å skyve for gardinene)

    SvarSlett
  2. Ups! Brukte visst SilM som avsender sist! - Liker den nye headingen, forresten!

    SvarSlett