lørdag 20. desember 2014

Julesjølvkjensle




Eg satser på den gode julesjølvkjensla.

Vi tar fram igjen samme pynten som i fjor, og året før og året før der igjen.
Sjølv om det berre er ting, så har vi hatt dei så lenge at dei har fått sjel.

Juletrelysa er dei samme som eg og besta 
brukte å henge opp i lag kvar einaste lillejulaft.
Mange av nissane har vi arva frå svigermor, 
dei har fjes og uttrykk som ein berre må bli glad av.
Det som er det viktigaste å sette fram er alle skattane som gutane har laga.
Eg er spesielt glad i dorullnissen som Fredrik 
laga i barnehagen samme året som Tobias er født.
(I fjor måtte eg endevende boda to gonger før eg fann den. Blir nemlig ikkje jul uten.)

Det er godt å kjenne jula fylle hus og hjartet.
Veka som kjem handlar om tradisjonar, familie, mykje god mat og kos.

Den gode julesjølvkjensla er å kjenne at vår jul er fantastisk.
For det er den virkelig. 

Til deg som kjem innom her, 
ei riktig god jul til deg og dine!

1 kommentar: