lørdag 13. desember 2014

Utsikt/Innsikt




- Kan du strekke deg i retning av framtida ?
Det spurte ein kursleiar oss om å gjere då eg tok NLP-utdanning på Strømmen.
Alle strakte armane framover. Berre ikkje eg, eg strakte dei oppover.
Dette skjedde heilt på impuls, uten tanke. 
Men når bevissheten min oppdaga at eg var den einaste 
som satt med armane opp, var min første tanke at eg gjorde feil.
Eg korrigerte meg sjølv og flytta armane mine framover.

Denne opplevinga innhenter meg med jevne mellomrom,
fordi den er viktig - den bærer i seg eit budskap.
Ein lærdom. 

Vi mennesker er flokkdyr, vi vil så gjerne bli akseptert. Bli anerkjent.
Vi lar oss lede avgårde på minste motstands veg. 
For mange av oss er det først når vi møter 
smertefulle motbakker på denne vegen, at vi våkner.
Då ser vi at tryggheten vi hadde var ein illusjon,
at det enkle livet vi levde gjorde oss blinde for mulighetene.

.

Heilt frå eg var liten kan eg huske at eg har beundra menneske som er motstrøms,
dei med idear og engasjement. Dei med vilje og lyst til å skape og endre.
Dei som viser lyset sitt og er åpne for livet.

Det er først no når eg er vaksen at eg forstår kva det har krevd,
at eg forstår kor sterke dei er.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar