lørdag 17. januar 2015

Authenticity is magnetic




I dag kom endelig sola tilbake etter vekevis med uvær.
Måtte jo berre lufte kameraet då.

I går publiserte eg facebook-side for Hege Eggen Foto. 
Kvalm og med harehjerte trykte eg på knappen, 
eg inviterte nokon få til å like sida. 
Og heilt ærlig, det kjentes skikkelig jævlig! 
For kven er vel eg til å stikke meg fram på den måten. 
Fekk mest lyst til å slette heile greia og gi faen. 
Men det fekk stå og no er eg der ute, du finn meg her.

.


Eg kan berre huske at pappaen min delte ein draum med oss, han ville reise til Australia.
Det skulle han gjere når han var femti år. 
Han kom seg aldri til dit, han døydde når han var femtiseks.
Draumen hadde han alltid, men det gjer meg trist at han aldri fekk den oppfylt.

Mine draumar har alltid handla mest om dei rundt meg. 
At dei skal ha det bra, at Frode skal få bli frisk frå sjukdom 
og at gutane våre skal bruke hjartene sine som kompass. 
Å drøyme for meg sjølv har kjentes egoistisk og noko som ikkje passer seg. 
Men nokre gonger går det ikkje å stenge av lenger, 
så no har eg hjartedøra på gløtt og draumen min er i ferd med å manifestere seg.

Eg er ikkje redd for å mislukkast. Det blir som det skal bli. 

.


This new day has greeted us with no rules; 
unconditional opportunity. 
Do not dilute the power 
of this new day with the hardship of yesterday. 
Greet this day the way it has greeted you; 
with open arms and endless possibility.

                                                               - Steve Maraboli

3 kommentarer:

  1. JA! Det er no ein verkeleg hadde trengt ein "elskar"-knapp på Facen.
    Og du er flink! Men eg gjev meg ikkje før du har invitert heile verda til å like sida, altså.

    SvarSlett