lørdag 3. januar 2015

Awaken possibility




- Kva har du lyst til å bli då ?
Det spurte eg ein gut om i dag. Det ville han ikkje sei.
Prøvde å lirke det ut av han, men nei - han ville ikkje.
Så sa eg; - Hvis eg forteller deg kva eg drømmer om å gjere, 
vil du fortelle meg kva du vil bli då ?
Han nikka og eg fortalte at drømmen min er bli fotograf.
Då fortalte han, litt stille, at han hadde lyst til å bli spilldesigner.
Eg responderte med at det kan han jo sjølvsagt bli. 

Kan ikkje vi pushe kvarandre litt meir til å følge drømmer ?

.

Inspirert av filmsnutten eg delte tidligare veka,
(sjå her) har eg tenkt å skrive eit brev til meg sjølv.
Eit brev om korleis eg har opplevd å lykkast 
med å følge drømmen min.
Det høyres kanskje litt teit ut, men målet med det er 
å styrke sjølvkjensla og å tørre å kjenne etter.
Og prøve å riste av meg litt av frykta for mitt eige lys.

.


Success is liking yourself,
liking what you do,
and liking how you do it.

                                                 - Maya Angelou





1 kommentar:

  1. Du er så bra, Hege. Og du ER fotograf! Den mest fotografaste eg veit om.
    Og elskar den nye headeren. (Veit forresten ikkje kor ny den er, alfor lenge sidan sist eg var her inne. Men som alltid er det akkurat det eg treng).

    SvarSlett