torsdag 1. januar 2015

God nok.




Vi hadde ei herlig nyttårsfeiring i lag med familie og gode venner.
Det er godt å kjenne at ein er del av ein felleskap.
Det er godt å takke for det som har vore,
og sjå med glede framover til det som skal bli.

Og viktigast av alt, være til stades her og no.

.

Eg vil kvinne meg opp framover,
til å blåse liv i glørne som drømmane mine ulmar i.
Kvart einaste øyeblikk i livet fram til no,
har gjort meg til den eg er og no er det på tide at eg trur at eg er god nok.

Merk deg, god nok. 
Ikkje best, ikkje fantastisk, ikkje flinkast.
God nok.

.

"My job is to awaken possibilty in other people." 
Seier Benjamin Zander i denne fine filmen.

Sjå den hvis du trenger eit lite løft for deg og drømmane dine!




1 kommentar:

  1. "Eg vil kvinne meg opp framover,
    til å blåse liv i glørne som drømmane mine ulmar i.
    Kvart einaste øyeblikk i livet fram til no,
    har gjort meg til den eg er og no er det på tide at eg trur at eg er god nok.

    Merk deg, god nok.
    Ikkje best, ikkje fantastisk, ikkje flinkast.
    God nok."

    Takk.
    <3

    SvarSlett