torsdag 30. april 2015

I hagen vår








No skjer det så innmari mykje i hagen vår.
Både slikt som dukker opp heilt av seg sjølv (sjå bildene) og slikt som vi har funne på.
Forrige veke kom drivhuset vårt og Frode driv med fundamentering 
eller kva det no heiter, slik at det kan stå i hagen i tusen år.

Gleder meg til å plukke modne tomatar, potente agurkar, søte paprikaer og sterk chili.
Eg har sådd tomatar og chili frå frø eg tok frå plantane vi hadde i fjor, 
herlig og sjå livsløpet i praksis. 
Vi prøver paprika, agurk og cherrytomatar for første gong. Spennande, synes eg.

På det øverste av bildene over ser du blåbærkart, 
det er heilt sprøtt kor mykje bær som er på gang. Satser på litervis i frysen etterkvart. 

I morgon er det fridag og 1. mai - og kanskje tid for årets første plenklipping.
Våren altså!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar