mandag 6. april 2015

Oppsummert




Påska vår har vore roleg og innhaldsrik, slik vi liker det. 
Vi har vore heime, og tatt ei par dagsturer.
Tulipanane over her kjøpte eg på Rema 1000 onsdagen før påske. 
To bukettar i kvar sin farge, pakka i gråpapir.
Dei var rett og slett ikkje til å motstå. Og er no på sitt vakraste.

Vi pynter ikkje så mykje til påske,
det finaste å finne fram er gamle skatter som gutane har laga.





Skjærtorsdag drog vi til fjells. Sola varma herlig ei stund, 
at det snødde like før og regna like etterpå er av mindre betydning.



Langfredag er ikkje dokumentert med bilder. 
Eg og Frode var i skauen, gutane spelte fotball.
På kvelden var vi mange gode venner samla for å feire ei snuppe sin 39-års dag.

Påskeafta starta som alltid med jakta på påskeeggene.
I år måtte både store og små på leit.




Seinare på dagen fekk vi fine gjester på besøk.
Heldigvis fekk onkel redda S, då han sette seg fast.
(Det var iallefall ikkje onkelen som sette S ned i røret med vilje.)




I går var vi på besøk til bestesnuppa mi med familie. 
Eg gløymte kamera. 

Tradisjonen tru avslutta Frode og gutane påska med bilvask i dag.
Eg pleier å hjelpe litt til, men formen var ikkje heilt på topp 
- så eg passa på å dokumentere i staden.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar