torsdag 31. desember 2015

År




Vi gjekk inn i tjuefemten med draumen nærare enn nokonsinne.
I mai kom telefonen. 
Etter nesten tjue år med blodsukkermåling, følinger 
og insulininjeksjoner, er han no fri frå alt dette. 

Han har fått ein ny og sterk bukspyttkjertel.
Og vi er enormt takknemlige!

Eg vil oppfordre alle til å snakke om organdonasjon med sine næraste.
Det er mykje bra info her




Vi er timer unna tjueseksten.
Eg vil i år, som i fjor - ha nyttårintensjoner.
Nokre ønsker for det nye året, nokre håp for kva året skal bringe.
Likevel heilt uten press og stress. 

Om seks veker er eg ferdig i min noværande jobb, 
og eg håper på litt tid til å ta betre vare på meg sjølv, 
være kreativ og planlegge framover.




Bildet over er tatt frå verandaen vår ein tidleg morgon i slutten av oktober.
Det er uredigert og ei påminning om å være til stede.
Om å tåle det som er ekte og nært.




Eit riktig godt nytt år til deg og dine!




2 kommentarer:

  1. høres ut som et bra år
    spennende med et skifte
    håper det blir bra for deg
    ønsker deg alt det beste for året som kommer

    SvarSlett
  2. Å, så mykje fint. Godt nyttår, Hege <3
    PS: Eg har donorkort i lommeboka!

    SvarSlett