fredag 6. januar 2017

Vær raus med deg sjølv




Det viktigaste eg tar med meg frå tjueseksten er det eg har lært om egenomsorg.
Å ha omsorg for andre og gløyme av/velge vekk seg sjølv ender med at ein blir trøytt og tom.

I mange (alle) år har eg tenkt at det viktigaste er alle andre. At eg ikkje må såre, sei nei, sette grenser.
Førti år tok det å lære at eg òg er viktig i mitt liv. Eg eige ikkje tanken heilt endå, likevel har eg akseptert at det er rett. 
No går eg sakte framover, så sakte at eg har tid til å puste og kjenne etter. 
Tid er ein skatt som samfunnet har gløymt litt av. Tid til å kjenne at ein lever her og no. 
Tid til å pleie egne behov. Tid til den gode samtalen. Tid til å slappe av.

Vær raus med deg sjølv.


1 kommentar: