tirsdag 5. september 2017

Sett deg




Sett deg ned og slå av ein prat
med deg sjølv.
Vær bevisst på orda og kjenslene.

Superrart sant ? I know.
Nesten så du blir litt flau over svara dine.
Du må ikkje snakke høgt, indre dialog fungerer bra.
Kanskje kjennes det best å skrive.

Uansett, ingen veit betre for deg enn du gjer sjølv.
Du trenger å være ganske god kompis med deg sjølv for å ha det bra.
Og kva gjer vi i lag med gode venner ? Jau, vi pratar. 
Vi er nysgjerrige, vi bryr oss. Vi vil at venene våre skal ha det bra.

Du vil at du skal ha det bra!
Sjølv kor kleint det høyres ut. Gir nesten ein sånn ekkel smak i munnen. Skam ?
Å unne seg sjølv å ha det så bra som ein kan, 
er for nokre av oss nesten umogleg.
Eg lover at det hjelper å prøve.
Og øving gjer meister - trur eg.
Sjølv er eg nybyrjar - med ønske om å blir innihelvete god til å bry meg om meg sjølv.

Ekje det jævlig egoistisk då ? 
Eg tenker nei, for hvis du har det bra - så har du også meir å gi.
Dersom du seier ja, når du trenger nei - blir du sliten og utmatta.
Då er det lite igjen til å ta vare på seg sjølv.

Vi er verdt å ta vare på.
Du og eg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar