torsdag 5. oktober 2017

må berre bli ferdig med å vente....




No berre venter eg.
Det kokar over og er stille i hovudet samtidig.
Stramt i brystet, med ein slags tom verk.
Pusten er grunn og magen stuper kråke.
Eg veit kva som kjem, 
har vore sikker heile tida.
Likevel, no i minuttane før avklaring,
lar ikkje kroppen seg kontrollere.

Djup pust, bevisst skriving.
Svelger tungt, oppdager klumpen i halsen.
Kontakter fingrane igjen,
dei skriv og skriv og lystrar - med ubevisste pausar av stille.
Hjernen min er så full, så tom -
intuisjonen er overbevist.
Vitenskapen er på mi side.
Førsteinntrykkene spelar på mitt lag.
Prosentane likeså.

32 minutter etter no.
Alt gir slipp - må berre bli ferdig med å vente.
Lukker augene og ei stripe med lys blir med inn.
Fleire striper.

Ein tanke slår rot,
venter eg så lenge fordi eg skulle skrive dette ?
Har jo tenkt på å skrive mange ganger.

Sjekker at mobilen har lyden på - igjen.
Lurer på å lese nettavisene - igjen.
Trur eg skal bli her, sette føttene i bakken og få kontakt med golvet.
Puster og opplever abstrakte bilder under augelokka.

.

Ein del av meg vil berre slå av mobilen,
 gløyme heile greia.

.

Det er virkelig dette.
Eg kjenner svaret,
treng berre bekreftelsen.
To streker under svaret. Tre.

Å være tilstede i nuet har aldri vore enklare,
eller vanskeligare.

.

55 minutter etter.
Det trengs ikkje fleire ord.





1 kommentar: