tirsdag 1. mars 2011

101




101 innlegg har det blitt. Litt i rykk og napp, men no har eg fått litt meir flyten på det. Og det trivast eg med. I går forsvann forresten bloggen min og det er var ikkje kjekt. Det stod at den var sletta. Det samme med gmail-kontoen min. Sendte mail til google og i dag er visst i alt i orden. Men det var ein vekker og eg skal få ordna meg ein god back-up.

Inspirert av Valkyrien og Tommy Nekkøy blei det tulipan-bilder i dag. Eg hadde ein bukett som var på vei i bosset og eg fekk ein idé om å ta dei med på tur. Så med kamera på ryggen, hund og ein pose tulipanar traska eg avgårde. Og ein gammal sauefjøs fekk gjere nytten som kulisse og gatelykter ordna lys. I og med at eg hverken har stativ eller lyssterkt objektiv vart kvaliteten så som så. Uansett så likar eg stemninga i bildene, favoritten er nummer ein. 

1 kommentar:

  1. Trenger ikke tekst til slik fin fotografering! Virkelig nydelig og stemningsfullt - og fint arrangert!

    SvarSlett