fredag 10. august 2012

Kva ein er god til


Tenk om vi hadde meir fokus på kva vi faktisk er gode til. 
Dei fleste av oss er tusen gonger flinkare til å minne oss sjølv på kva vi er dårlige til.
På kva vi ikkje kan. På kva vi ikkje får til.

Det vrenger seg faktisk i magen når eg tenker på å skrive om kva eg er god til.
Det hadde vore så lett å skrive om kva eg ikkje kan.
Kvifor er det slik ?
Er vi sjølvgode og arrogante hvis vi trur vi kan noko ?
Er det feil å tru på seg sjølv ?

Kvifor slår vi oss sjølv med alle desse negative tankane ?
Og lar negative tanker absorbere kvar celle i kroppen ?

For eg trur ikkje det berre er eg som har det slik.

Så prøver eg meg då.
Kva er eg god til ?

"Trekker pusten djupt."

.

.

.

Det kjem nokre svar, men det føles heilt feil å dele det.
Trur eg får skrive dei i ei av dei utallige notatbøkene mine.

(Eg er flink til å stille spørsmål som får mennesker til å åpne seg innover i seg sjølv.)

Dette kom til meg rett før eg skulle trykke "Publiser" og trengte seg på.
Så då delte eg noko likevel.
Og det kjentes bra.
Fordi eg veit det er sant.





1 kommentar:

  1. Det er vel slik at vi er vokst opp med at å fortelle hva en god til er litt som skryt kanskje? Det du skriver fikk meg til å tenke på siste gang jeg var i jobbintervju: Hva er du god til - hva kan du tilføre vår arbeidsplass? Husker ikke engang hva jeg svarte jeg, for jeg ble så forfjamset! Men jeg fikk jobben, så det må jo ha kommet ut noe lurt.. :)
    Kanskje skulle vi bli flinkere til å kunne "skryte" litt av oss selv - for når andre synes det vi gjør er bra, da kan det vel ikke være så galt at vi selv anerkjenner det?
    Ha en fin kveld!

    SvarSlett