tirsdag 7. august 2012

Stor feit merknad til meg sjølv



Eg fundert litt på dette med bloggen og det å dele frå hjertet. 
Eg har prøvd å finne måtar gjere det på uten å stille meg sjølv åpen og sårbar. 

Stor feit merknad til meg sjølv; 
det går ikkje å dele frå hjertet uten å være sårbar.
Og skal blogginga være det eg vil det skal være, ekte og nært - så må eg dele fra hjertet. 

I sommar har eg fleire gonger tenkt at eg skulle avslutte bloggen og fokusere tida, energien og kreativiteten på andre ting. Men eg får liksom ikkje heilt lov av meg sjølv. For bloggen er min greie.
Eg surrer rundt her inne med bilder og ord. Trur ikkje så mange les den. Men veit du, heilt ærlig - det gjer ingenting. Eg bloggar mest for meg sjølv og skulle nokre dette innom å finne glede eller trøst i noko av det dei ser eller les her inne så er det kjempeflott.

Og min agenda framover kan oppsummerast med dette sitatet:

"To live a creative life, we must lose our fear of being wrong."
                                                                        Joseph Chilton Pearce

2 kommentarer:

  1. Eg er glad for avgjerda du tok!

    SvarSlett
  2. Er glad for at valget ble som det ble - alltid hyggelig å titte innom hos deg!

    SvarSlett