søndag 25. november 2012

Practice what you preach



Eg prøvde ei ny bukse heime og spurte alle gutane mine om dei syntes den var fin.
Dei var veldig positive og eg stod fram for glassdørene i vitrineskapet (det nærmaste vi kjem heilfigurspeil her i huset) og tok ein ekstra kikk.
Eg spurte minstemann endå ein gong om han likte den nye buksa.

Då seier han;
"Husk ka du har sagt til meg. 
Det betyr ingeting ka alle andre synes så lenge du lika den sjøl."





1 kommentar:

  1. Hadde ikkje ord for kor mykje eg elska bileta, og så kom teksten...!

    SvarSlett