søndag 3. februar 2013

Uten tittel (fordi det passer best)




Eg mangler nøkkelen til å sette fri det som eg kjenner bur i meg. Eg mangler ord for å beskrive det. 
Det er litt abstrakt, uten substans - men med jævla mykje følelser. 
I det siste har eg kjent litt sorg på at det berre blir liggande uten å ta form. Det kjennes veldig bortkasta.

Nøkkelen ligg gøymt i manglande sjølvtillit, i grumset fra fortida, i redselen for å snuble, 
i skrekken for å bli sett og å bli meint noko om. 
For å finne nøkkelen må eg dykke ned i alt det eg helst vil snu meg vekk frå. 
Eller det blir jo litt feil, for det er jo nettopp der eg sitter fast. 
Eg treng nokre verktøy for å frigjere meg sjølv, ein kniv skarp nok eller evnen til å akseptere og gå vidare. Evnen til å gi litt faen. 
Til å ha tru på at det går bra.

Kjenner eg blir litt oppgitt av meg sjølv. For her har eg jo vore før. 
Eg har prøvd å hoppe (ikkje så høgt då, men likevel) og det gjekk jo fint. 
Så kraup eg inn i det trygge skallet mitt igjen og her sitter eg. 
Eg er ei jævla pyse, faen så irriterande det er. 




1 kommentar:

  1. Du er ikkje ei pyse, for du skriv dette. Og eg veit du kan, og det trur eg du òg gjer, inst inne <3

    SvarSlett