Eg mangler nøkkelen til å sette fri det som eg kjenner bur i meg. Eg mangler ord for å beskrive det.
Det er litt abstrakt, uten substans - men med jævla mykje følelser.
I det siste har eg kjent litt sorg på at det berre blir liggande uten å ta form. Det kjennes veldig bortkasta.
Nøkkelen ligg gøymt i manglande sjølvtillit, i grumset fra fortida, i redselen for å snuble,
i skrekken for å bli sett og å bli meint noko om.
For å finne nøkkelen må eg dykke ned i alt det eg helst vil snu meg vekk frå.
Eller det blir jo litt feil, for det er jo nettopp der eg sitter fast.
Eg treng nokre verktøy for å frigjere meg sjølv, ein kniv skarp nok eller evnen til å akseptere og gå vidare. Evnen til å gi litt faen.
Til å ha tru på at det går bra.
Kjenner eg blir litt oppgitt av meg sjølv. For her har eg jo vore før.
Eg har prøvd å hoppe (ikkje så høgt då, men likevel) og det gjekk jo fint.
Så kraup eg inn i det trygge skallet mitt igjen og her sitter eg.
Eg er ei jævla pyse, faen så irriterande det er.
Du er ikkje ei pyse, for du skriv dette. Og eg veit du kan, og det trur eg du òg gjer, inst inne <3
SvarSlett