lørdag 11. mai 2013

Kva er dei verdt ?



Det er ei herlig reise. Fotografering.
Eg er heldig som aldri treng å slutte. 
Eg kan bruke mykje av mi fritid på det som gir meg så mykje.
Jakte tett på i skogen, ligge på golvet med små tanteunger, 
sitte å pitle med bildene på dataen, blogge og nyte prosessen.
Det er veldig å fint å kjenne at dette virkelig elsker eg å holde på med.

Reisa fortsetter.
Kan eg gjere noko meir ut av dette ? 
Kan eg klare å setje pris på mine bilder ?
Og er det i det heile tatt meininga at eg skal gjere det ?
Kva er dei verdt ? Bildene mine.
Vil eg tilby fototjenester i bytte mot penger ?
Det strittar så jævlig i mot, for korleis skal eg kunne rettferdiggjere at nokon skal betale for at eg får lov til å gjere det eg elsker mest av alt å holde på med.
Amatøren Hege,
middelmådige Hege.
Når nokon fortel meg at dei liker bildene mine,
så har eg forklaringane klare
- bildene var gode fordi det var bra lys, modellen/motivet var så flott,
flaks med bakgrunnen osv osv.

Det er veldig vanskelig for meg å ta innover meg
at det faktisk er mine valg når eg fotograferer som er avgjerande 
for sluttresultat.
Det kjennes uvirkelig å skulle være god nok til noko.
At eg kanskje har talent og evner innanfor fotografering.
For det einaste eg anerkjenner er at 
eg elsker å holde på med det.

Ganske så absurd å lese gjennom det eg nettopp har skrive.
Kva råd ville eg gitt til nokon som kjente på det samme ?
Eg hadde sagt 
- Hopp jente, hopp!

1 kommentar:

  1. Ingen andre sine bilete treff meg slik som dine, og eg er innom nokre fotobloggar.

    Hopp, jente, hopp!

    SvarSlett