fredag 21. juni 2013

Å begripe det ubegripelige






Innleggstittelen fann eg her.
Og den fekk meg til å tenke litt på dette ubegripelige.
Kva betyr det at noko er ubegripelig ?
Er det å oppleve noko vi ikkje forstår ?
Og korleis møter vi det vi ikkje kan forstå ?

Kva er ubegripelig for meg ?
Mykje, sjølvsagt.
Så er det noko poeng å prøve å begripe det ubegripelige ?
Kvifor ikkje berre fokusere på det eg kan kontrollere og forstå ?

Fordi det er kjedelig.
Det ubegripelige er det som driver oss.
Det vi ikkje forstår, vil vi gjerne finne ut av.

Eg kan sjå kunst som eg finner heilt ubegripelig.
Og eg elsker å finstudere detaljar, fargar, uttrykk.
Eg prøver å begripe det ut i frå mine referansar, mi erfaring.
Det interessante er ikkje kva kunstnaren har tenkt når han skapte,
men kva det får meg til å kjenne når eg opplever det.

Musikk er kanskje den kunstforma som er mest ubegripelig for meg.
Eg beundrer evna ein komponist/musikar har til å 
dra meg rett opp i det lykkeligaste,
for så i neste spor å gjere meg melankolsk og rolig.
Lydar sett saman til noko kryp langt inn i hjartet,
til noko som provoserer (danseband),
til noko som får kvar celle i kroppen til å vibrere i takt med rytmen.

Eg begriper kjensla musikken overfører til meg,
men ikkje korleis nokon kan skape den.

Før eg bablar meg heilt vekk,






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar