lørdag 6. juli 2013

Ein ekstra sving


Nokre gonger er eg så fantastisk uinspirert.
Sånn - slutte å blogge, ikkje ta fleire bilder, drit i alt sammen - uinspirert.
Det varer heldigvis ikkje så lenge.
For det er ein så stor del av meg.
Eg gjer det for meg, kun meg.
Fordi eg trenger utløpet. 
Ventilen.

Då eg oppdaga at ein idiot hadde oppretta ei heimeside med "mitt" bloggnavn,
blei eg forbanna. - Går vel an å sjekke litt før ein gir heimesida si navn, tenkte eg.
At han i tillegg dreiv med det samme som meg, aaargh!
No har eg roa meg og kjenner ikkje lenger at han er ein ubetenksom idiot.
Eg tenker heller at dette er eit push, ein ekstra sving på vegen min.

Eg kjenner meg litt ferdig med denne bloggen,
men ikkje med å dele mine ting og inspirasjon.
Eg har lyst å være litt meir "in your face".
Eg vil tvinge meg (og deg som er innom) til å ta standpunkt til det som rører seg på innsida.
No bruker ikkje eg akkurat å forhaste meg,
så endringane kjem nok til å skje veldig sakte.
Blir spennande.





1 kommentar: