fredag 5. juli 2013

Or am I lost.



Sommaren 2006, Tobias og meg - fotografert av Frode.



Det kryper innover meg igjen no, dette som ikkje kunne skje.
Men som likevel skjedde.
Det som braut meg ned og som eg fortsatt samlar opp delane etter.
Tolv lange år utan ein far, 
utan han som var sterkare enn pappaen din.
Han som var bautaen.

Eg høyrer Damien Rice sin song Cold Water 
og kjenner at den har seg i den energien eg er fylt med.
For av og til passar det best å berre være jævlig trist.
Dra for gardinene. Grine seg tom. Kjenne på sorga i hjartet.
For i dét, klare å sparke frå og kjenne at ein nærmar seg overflata igjen.

Trekke pusten djupt når eg kjem opp
og være takknemlig for at botnen ikkje heldt meg fast for lenge.
Kjenne aksept for kva eg var og kva eg har blitt,
og for at kvar gong eg blir dratt under så finner eg endå ein del av meg
som vil på plass. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar