mandag 8. juli 2013

Flokken


Eit seks år gammalt bilde som fann meg.


Midt i flokken stod eg og såg på dei som gjekk forbi.
Dei med fargane, med kreative talent, med det autentiske intakt og integrert.
Vi lo av dei, dei var annleis. Passa ikkje inn.
Eg har nok mange gonger ledd med,
men egentlig var eg full av beundring og unnelse.
Eg har heia på dei inni meg, 
men ikkje vore sterk nok til å sei det åpent.
Å passe inn i flokken var viktigast,
og då stryker ein medhårs og vekker minst mulig oppsikt.

Heldigvis har eg blitt tryggare.
Når vi skulle på tur til London med jobb, hadde eg eit mål.
Nemlig å besøk Tate Modern.
Merka fort at dette vart oppfatta som sært og rart, 
men eg stod i det. Og veit du, det var ein jævlig god følelse.
Eg kom meg til Tate i lag med ein god kollega og vi storkosa oss.
(Dei andre shoppa og gjekk på musical, det er heilt i orden å ha ulike ønsker.)

Eg trur at ein kan være med i flokken, 
og samtidig stå opp for seg sjølv og eigne meininger.
Det er ikkje like lett som å dilte etter,
men du slipper å miste så mykje av deg sjølv
og du gir andre i flokken kraft til å gjere det samme.

Det er vel der vi vil være,
i ein flokk med sterke, ekte og kreative mennesker!


1 kommentar:

  1. Du skriver så fint og nært og sterkt og du treffer meg med mye av det du skriver. Dette har vært et grunntema i mitt liv også, og jeg tror mange vil kjenne seg igjen. Takk for at du skriver!

    SvarSlett