fredag 25. oktober 2013

Berre gjer di greie




Vi går nokre rundar med oss sjølv i løpet av eit liv.
Husk at du står i begge hjørna av ringen
 og tek i mot dine eigne slag.

Eg er rimelig topptrent når det gjeld å unngå slag 
med formål å banke det inn i meg at
eg er god nok og at det er i orden å tru på seg sjølv.

Verre med dei slaga som kjem oftast,
dei treff ofte med knock out.
Dei som slår i meg at eg ikkje duger, ikkje har evner.

Etter ein slik knock out kan eg bli liggande ei stund.

Så sakte, men sikkert røyser eg meg igjen.
Berre for igjen å blir slått ned,
av meg sjølv.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar