onsdag 27. november 2013

You are my happy




Eg er ikkje håplaust romantisk og eg liker ikkje kliss. 
Men likevel meiner eg at han som både er kjæresten min
og min aller beste venn fortjener eit eige innlegg.

Vi er på vårt tjuande år i lag og det kitlar framleis i magen
når eg ser på han i smug når han les eller når han grubler over 
noko han vil finne ei løysing på.

Han tør å drøyme stort og han er veldig kreativ.
Han samlar på små skruar, plastdingser og snører - 
og jammen kjem dei til nytte ved ulike høve.
Eg vil påstå at han lever litt etter "Kjekt å ha"- prinsippet.

Han blir begeistra av god design. Og designar gjerne sjølv.
Vi har DET KULASTE sofabordet som finst,
som han har både teikna og bygd.
Ellers så er han ein mester til å skape gull av gråstein.

Han ser løysingar, der andre (meg) ser stengsel.
Han er ein ivrig pådriver av prosjekt han trur på.
Eg har mange gonger blitt imponert av korleis han 
berre fortsetter mot målet uansett kor mange hindringer som dukkar opp undervegs.

Vi ler mykje og kan være forferdelig tøysete i lag.
Vi er veldig sammensveisa og avslutter gjerne kvarandre sine setninger.
Vi er einige om mykje og det vi er uenige om - det har eg rett i. (Basta bom)
Og då er han som oftast tålmodig og lar meg berre rase frå meg.

Å skrive om mine innerste følelser for han blir 
altfor klissete, dessuten veit han godt kva eg kjenner for han.
Det får holde.


1 kommentar:

  1. Hegeee, gidd å få meg til å grine på lesesalen, då!
    Eg elskar å lese sånt som dette. Det gjev meg håp, eg som framleis berre trynar på den fronten der.
    Dåkke e fine <3

    SvarSlett