tirsdag 10. desember 2013

Empati


empati -
(evne til) innlevelse i eit anna menneskes situasjon eller tankeliv

Tenk deg ei verd der vi alle bryr oss om kva for konsekvenser 
våre ord og handlinger har for våre medmennesker. 
Hadde vi mobba då ? Hadde vi stengt ute ? Hadde vi oversett ?

Eg vil så gjerne sjå eit samfunn som dyrker empati og medfølelse.
Men det kjennes ut som at vi no rullar alt for raskt inn ei tid der egoismen rår.
Vi er ikkje innafor uten dei rette kroppane, klærne, interessene, diettane.

Eg trur veldig på å ta vare på seg sjølv.
Og det er sant at er ein fornøgd med seg sjølv, så har ein meir å gi til andre.
Korleis tar vi best vare på oss sjølv då ? 
Er ikkje det eit svar som vil være ulikt for kvart enkelt menneske ?

For meg har det vore naturleg å jobbe deltid fordi eg har familie.
Det har gitt ro rundt frokostbordet. Ro rundt leksearbeid,
middag og husarbeid (iallefall nesten).
Det kjennes rett for meg. 

Eg klarer ikkje sjå at det å velge nærhet til og tilstedeværelse i borna mine sine liv 
skal være feil på nokon måte. Eg er sikker på at det har vore med å gjere gutane mine
meir empatiske enn gjennomsnittet. 

Og eg trur nøkkelen til å utvikle empati ligger nettopp der,
i å komme nær nok, i å bry seg nok, i å stille spørsmål som oppfordrar til refleksjon,
i å lytte og i å være nysgjerrig. 

Empatien borna våre viser for andre, reflekterer i stor grad empatien vi har vist borna våre.
Så vi bør tenke over kva vi seier om andre rundt kjøkkenbordet,
vi bør alltid ta oss tid til dei når dei oppsøker oss,
vi bør være rause med klemmer og gode ord,
vi bør oppføre oss mot våre born slik vi vil
at dei skal oppføre seg mot sine medmennesker.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar