onsdag 4. desember 2013

Levande




Vi går rundt på denne planeten med alle desse fantastiske, levande underverka
og håpar på ein betre dag i morgon.




Blomstrane utfaldar seg i alle si prakt, stolte og høgreiste.
Vi beundrar dei eit sekund og går vidare. For vi skal jo ein plass.




Likt som blomstrane trenger vi mennesker også lys for å utvikle oss.
Ulikt blomstrane går vi til ei kvar tid med lyset i oss. 
Som barn blir vi opplært til å dimme lyset, dempe oss og passe inn.




Tenk deg hjertet ditt som ein blomst som treng lyset for å åpne seg.
Kva skal til for at du kan klare sleppe lyset heilt inn ?
For at du skal vri på brytaren og lyse med heile deg ?





Eg trur det er dette livet handlar om til sjuande og siste.
Å bevege seg gjennom skam og sårbarhet, for til slutt å våge lyset, 
våge å leve med åpent hjerte.



1 kommentar:

  1. Så utruleg nydeleg og fantastisk skrive. Dette vonar eg mange les.

    SvarSlett