lørdag 25. januar 2014

Med døra på gløtt




Eg passer ikkje inn i ei verd med fokus på 
perfekt lagt sminke, dietter, trendtrening og kvite vegger, golv og tak.

Eg er større enn gjennomsnittet og eg sminker meg kun til fest.
Vi et normal mat, fiskekaker kjøpt på Rema 1000, tomatsuppe frå Toro, 
heimelaga fårikål og lager laurdagspizza frå botnen.
Vi går tur med hunden fleire kvelder i veka og gjer litt styrketrening i kjellaren etterpå.
Huset vårt er gammalt og delvis oppussa. Vi har det lunt med hjelp av fyr i peisen og interiør med sjel.

Eg vil så gjerne kjenne at det er greit å ha det slik vi har det. Samtidig lar eg meg påvirke.
Heldigvis klarer eg å være veldig takknemlig for å vi ikkje gir etter for presset.
For at vi har det vi treng og for mat på bordet kvar dag.


Vi blir slavar av alt vi eig, av alt vi prøver å være som ikke samsvarer med hjertet vårt.

Vi har ikkje uendelig mange dager på jorda. Vi er her i et sekund av evigheten.
Vårt fokus burde være på kva gjer oss lykkelige, kven trivast vi i lag med, kvar vil vi reise.
Eg kjem stadig tilbake til eit uttrykk som kom til meg for nokre år siden,
nemlig "å bruke hjertet som kompass."
Eg trur veldig på det og eg jobber med å integrere det i meg sjølv og i dei eg bur i lag med.

Så får andre gjere som dei vil.















1 kommentar: