tirsdag 25. februar 2014

The Moon Is A Harsh Mistress




I går hadde eg eit av desse guddommelige sammentreffene.
Eg høyrte på musikk på Spotify og via nokre runder med "Related artists" 
dukka Radka Toneff opp som forslag.
Eg vart nysgjerrig og lytta til Radka sin versjon av 
The Moon Is A Harsh Mistress.

Etter nokre gonger på repeat kjente eg for å sende 
den vidare til ein tidligare kollega og god venn.
Ho hadde høyrt songen før og skreiv så fint;
- Det var så deilig å høre den igjen, som om den minner meg om hvem jeg er..
Høres det rart ut ?

Det høyrtes ikkje det minste rart ut og eg forstod kva ho meinte.

Jimmy Webb skreiv songen i 1974 og tittelen her henta frå 
ei bok gitt ut i 1966. Men har ikkje anna samanheng med boka.
Webb skal ha sagt følgande om songen;
"The Moon Is A Harsh Mistress was a song that became a standard
without ever becoming a hit, and was symbiotic of that decade
of my life, my struggle, my failure, my angst, my pride and even scorn
…. and ultimately my crash."

Høyr den her.



1 kommentar:

  1. elsker den sangen
    og versjonen du skriver om
    jeg skjønner godt hva hun mener om at den minner henne om hvem hun er
    den sangen rører virkelig ved meg
    takk for påminnelsen :)

    SvarSlett