mandag 23. februar 2015

Nærare sanninga




Eg tenker ideane mine i smular 
som er umoglege å sette i hop igjen.
Eg føler meg i hjel.

Skuffer og skap fulle av tomme notatbøker,
fordi det nedskrevne kjem nærare.
Virkar truande på overlevelsen
av den eg trur eg er, eller meir -
den eg klarer å være.

Nokre dagar kjem tanker som kjennes befriande,
no tør eg, no vil eg, no skal eg.
Men faen heller, eg trekker meg.
Gong på gong. 

Det er kanskje den rørsla eg trenger.
Motstand gjer sterkare heiter det visst. 
At eg er reddare no enn før,
betyr vel at eg er nærare sanninga.

.



2 kommentarer: