Viser innlegg med etiketten Iphone. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Iphone. Vis alle innlegg

fredag 25. november 2011

Reisebrev






Å reise er noko av det beste eg veit.

Liker å sitte på flyplasser og sjå på folk. Og lure litt på kor dei skal.
Det er så mange spennande historier som utspelar seg på flyplassar.

Dei to gamle damene som klemmer hjertelig når dei finn kvarandre med ankomsthallen. Brevvenner i 50 år, begge måtte bli enker før dei endelig fekk treffe kvarandre.

Ho som aldri vil gi slipp på han i uniform. I lommen ligg brevet han har gitt henne som ho skal spare spare spare. Men som ho river opp så fort han er ute av syne.

Ungar opp ned på baggasjetralla medan foreldra ventar på kofferten. Mor og far snakkar ikkje i lag. 14 dagar på Gran Canaria blei i lengste laget.

Han i Armani-dress som snakkar høgt i telefonen, samtidig som han betaler for kaffien på 7Eleven. Fordi det såg han sjefen gjorde det sist dei var på reise i lag, og det såg litt tøft ut.

Ho som les i ei bok og aldri ser opp. Fordi ho hatar å bli sett.

Flyvertinnene med dei høgaste hælane og dei breiaste smilene. Slitne på innsida, men profesjonelle heilt ut i  dei raudlakkerte neglene.

Gjengen i baren som drikk hardt. Ytterst sit han som alltid er litt utanfor. Han synes det er greit. 

Dama i passkontrollen som smilte til han høge mørke før deg, men som ikkje gidder å sjå opp når du går gjennom.

I taxfree-butikken spring nokon for livet. For dei skal jaggu ha kvoten sin sjølv om flyet går om mindre enn eit kvarter. Framme i køa spør dei høflig men svett om å få komme foran deg.

Og midt blandt dei går eg og sullar og nyt kvart eit sekund. Fordi eg har god tid og er nysgjerrig.








fredag 7. oktober 2011

Tilt shift


Tatt med Iphone og ein slik tilt shift app.

God helg alle!

mandag 26. september 2011

søndag 25. september 2011

lørdag 24. september 2011

torsdag 22. september 2011

Maraton


Florø - Bergen - København - Manchester
Manchester - London - Oslo - Florø

Det blir Iphone-maraton frå meg dei kommande dagane. 
Veldig greit å kunne ordne framtidsblogging i går. :)

fredag 2. september 2011

Min tur


Trening og terapi.

torsdag 1. september 2011

torsdag 18. august 2011

På sidelinja


Å fy flate no går det fort i svingane her. 
Har mest lyst å stå på sidelinja og sjå toget "Kvardag" suse forbi.

Men her er det berre å hoppe på og forhåpentligvis få styring på det heile.
Det er mange vogner på dette toget og det er vanskelig å få oversikt. 
Eg har iallefall lagt bokbind på x-antall bøker, blitt mamma til ungdomsskulegut (føler meg altfor ung til det), stått opp tidlig kvar morgon fire dagar på rad (burde være ei lov mot slikt), vore bekymra, vore letta, vore uten nett, tv og telefon (det er då ein kjenner kor hekta ein er), shoppa med tenåringen pluss pluss. 

Fjok!
(familien sitt uttrykk for "å fytti grisen" og andre lignande uttrykk. Trengs sterkare uttrykk så bannar vi !)

Fotografering og redigering og slike kjekke ting ligg i skuffen og ventar så lenge.

Og så er det dette med valg då. Ikkje politisk altså. 
Personlige innfløkte valg, må vite. Sånne djupe spørsmål som krev meditasjon og ro.
Dette valget får magefølelsen min til å vri seg i eit inderlig "ikkje gjer det",
samtidig kviskar samvittigheten lett "jo, det trur eg du bør".
Trur eg får angstanfall av heile greia, tyngre å puste er det i allefall.

I hjartet veit eg kva eg skal velge.
Handlar berre om å være sterk nok.

God helg alle!






lørdag 6. august 2011

Nokre av dei









Dette var min første sommarferie med Iphone. Den fekk kjørt seg.
Bildene over er heilt random og tatt med enten Instagram eller Hipstamatic.

mandag 13. juni 2011

I går



Byr på Iphone-bilder i dag.
Frå ein herlig tur vi var på i går.


fredag 3. juni 2011

Oslo i svart/kvitt


I dag har eg sett i taket for det meste. Drog visst med meg eit eller anna virus fra Oslo, 
og det har slått meg heilt ut.
Så derfor gjer eg det enkelt og legg ut nokre Iphone-bilder i dag. Tatt med app'en Hipstamatic.


mandag 23. mai 2011

Høljings


Vestlandet på sitt vakraste er den finaste staden på jord.
Men når det no har regna ei veke i strekk, så blir eg drittlei.
Hagen får berre vente på bedre dagar. Det samme med kamera(ten).
Dagens bilde er eit slags "rot i hop" ved hjelp av fleire ulike fotoappar til Iphonen min.
Sånn er utelivet no.

torsdag 19. mai 2011


...dagane dine bli gode
...du tørre å følge draumane dine
...du møte motstand med vilje
...du følge hjartet ditt
...du aldri gi opp trua
...du alltid være god med deg sjølv
...eventyret være din venn

Kjære guten min, gratulerer med dagen!
Vi er så glad i deg at det nesten ikkje går an.


onsdag 18. mai 2011

Alle desse dagane.


Mai er månaden som flyr avgårde.


mandag 16. mai 2011

Snart søttende


Håper alle får ei strålande søttende mai feiring!

onsdag 20. april 2011

Dei siste dagane


Speilrefleksen har vore i dvale ei tid, mest på grunn av dårlig vær. 
Kompaktkameraet finn eg ikkje usb-kabelen til.
Så då får eg by på nokre Iphone-bilder, igjen.

Ei riktig fantastisk påske til alle som er innom her!

søndag 17. april 2011