Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg

fredag 17. juni 2011

På eit rom


Sommarferie, for ungane i allefall.
Eg må vente litt til.

Eg kan telle sommardagane til no på ei hand, men Yr lovar betre tider.

Kameraet er fullt. Bilder og videosnuttar frå diverse avslutningar. 
Kjekke minner. 

Bildene i dag er frå Oslo-turen i mai. 
Vi storkosar oss på hotell alle sammen. Berre slappe av, gå til ferdig frukost. 
Deilig.

lørdag 4. juni 2011

For ei veke sidan.


I Oslo overnatta vi to netter på Clarion Hotel Folketeateret. Anbefalast.
Andre gangen vi er der. Og vi kjem garantert til å komme tilbake.

For det første ligger det supersentralt, 2 min fra Oslo S, trikkestopp rett utanfor, bra shoppingmuligheter like rundt hjørnet.
Dei byr på den deiligaste frokostbuffeten, dei finaste rommene, takterasse, kaffi og kaker og kvelds.
Må ikkje bli så lenge til neste gang kjenner eg.

Bildene er frå "hotell-loftet", tatt med nytt objektiv. Prøver oss på eit fastobjektiv. 
Det billigaste Fotovideo hadde å by på, men det fungerer det.
Hadde ikkje lyst å legge så mykje penger i eit fastobjektiv før vi finner ut kva for brennvidde vi trivast best med. No kjøpte vi ei 50 mm. Den veg 140 gram, noko nakken er takknemlig for.

Vi prøvde også ei 30 mm Sigma, den vog ein halv kilo. 
Tok nydelige bilder, så den er på ønskelista. 

fredag 3. juni 2011

Oslo i svart/kvitt


I dag har eg sett i taket for det meste. Drog visst med meg eit eller anna virus fra Oslo, 
og det har slått meg heilt ut.
Så derfor gjer eg det enkelt og legg ut nokre Iphone-bilder i dag. Tatt med app'en Hipstamatic.


torsdag 2. juni 2011

Vigelandsparken







Andre dagen i Oslo var vi i Vigelandsparken.
Eg gløymte bestekamera(ten) på hotellet og måtte bruke eit lite kompaktkamera til desse bildene. Funkar greit, men ikkje optimalt.

Vigelandsparken er verdens største skulpturpark utført av ein kunstnar (ref. parken sine heimesider).
Eg trur eg var i gjennom alle følelsane når eg gjekk rundt der. Eg lo, eg vart trist, eg vart sint, eg var glad    - men mest av alt begeistra. Og audmjuk.

For ein kunstnar, for ein park.


tirsdag 31. mai 2011

Reptilparken






Turen til Oslo starta med ein tur til Reptilparken. 
Vi fekk holde ein kongepyton alle sammen. Slangen var berre snill og eg var berre redd når den bevegde   seg litt for nærme ansiktet mitt. Og så var den varm og heilt tørr, heilt annleis enn eg hadde trudd.
Kanskje eg legg ut eit bilde av det seinare.

Reptilparken er ikkje ein park akkurat. Det er meir eit stor rom og eit loft med mange ulike reptiler samla.
Pluss ei papegøye og nokre apekattar. 
Dei fire nederste bildene er tekne gjennom glass, uten blits. Er det rart eg elsker kameraet vårt ?

mandag 30. august 2010

Sånn er det.

At det er lenge siden eg har blogga altså.

I dag blir det bilder frå Oslo. Hovudstaden vår viste seg frå si aller beste side når vi var der. Fantastisk kva denne byen har å by. Lars Winnerback på Operataket var eit absolutt høgdepunkt. Men utekafeane, markedet på Birkelunden, trikketurane, museumbesøka og lunsj med gode venner var og utrulig fint.

Tok mange mange bilder, men dei fire under her viser kjensla av helga.