Viser innlegg med etiketten svart/kvitt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svart/kvitt. Vis alle innlegg

onsdag 23. november 2011

Pepperkaker og ein haug med lys.



Den siste tida har det blitt mykje bilder og lite ord. 
Har liksom ikkje så mykje lurt på lager. For dagane berre går dei.
Den eine hekter seg på den andre og blir til ei lang kvardagslenke.
Og det bør eg være veldig takknemlig for. Vi har det godt.
Vi er heldige.

Og no kjem førjulstida.
Det som kan være den finaste tida på året.
Drit i å vaske alle vindu og tak og veggar.
Bak pepperkaker med ungane, tenn ein haug med lys og lag juleverksted.
Det er kosen ein har lyst å ta vare på, resten kan ein ta seinare.

Påminning til meg sjølv og alle andre som kan trenge det.


søndag 20. november 2011

Dei finaste




Ville så gjerne ta nokre bilder at gutane til julekort.
Men lyset forsvant så fort. Så bildene vart litt uklare på grunn av høg iso og jammen meg kom det med ein arm som eg ikkje såg før etterpå.

Det gjør ingenting. 
For dette er gutane mine.
Dei finaste.

fredag 18. november 2011

onsdag 2. november 2011

lørdag 1. oktober 2011

søndag 25. september 2011

lørdag 24. september 2011

onsdag 21. september 2011

Kinnakyrkja


 Bildene er tatt frå ein kyrkjebenk i Kinnakyrkja.

Kyrkja er truleg bygd ein gong på 1100-talet og ligger ytterst i havgapet på øya Kinn.
Trefigurane på galleriet er mest sannsynlig skore ut av kunstnarar ved kongshoffet i Bergen på Håkon Håkonson si tid på 1200-talet.
Kyrkja er lita og intim og det er ei heilt eiga stemning der.

No for tida er kyrkja kun brukt i sommarhalvåret. Vi var der i barnedåp i begynnelsen av september og då sa presten av neste gudsteneste sannsynligvis ikkje er før konfirmasjon i mai neste år.
Ei staskyrkje rett og slett.


torsdag 25. august 2011

Måkefeber






Sola skin og byr på siste rest av sommar.
Det får duge med måker i dag. 


fredag 5. august 2011

Ree Park Ebeltoft Safari


 Desse fine kom vi tett på i Ree Park.
Pluss mange andre.

Tenkte først at det var feil med bilder frå ein dyrepark i svart/kvitt. 
Men så fungerer det likevel. Kjekt.

torsdag 30. juni 2011

Eithundreognittini


 Speiderhyttemaraton fortsetter.

Travle dagar, for lite tid.
Lengtar etter lukkarlyden.

torsdag 23. juni 2011

Hand,feet and crabs


 Vi er så heldige at vi kan gå ned i vår eiga fjære å bade.
I helga starta badesesongen med 16 grader i sjøen.
(Det betyr at eg ikkje bader på leenge endå, må ha over 20 grader).

Og etter badinga var det krabbeleiting. Dei var små, men mange.

Snart blir det tur på sjøen. Blir ei rolig jonsokfeiring for vår del.
Kameraet skal få være med. :)

onsdag 22. juni 2011

onsdag 15. juni 2011

Nesten svart/kvitt - men ikkje heilt



Nei, dette går ikkje.
Kan ikkje servere så lite fargar midt på sommaren.

Ut å fotografere.

Og så denne då, herlig sant. Fant den her.


fredag 3. juni 2011

Oslo i svart/kvitt


I dag har eg sett i taket for det meste. Drog visst med meg eit eller anna virus fra Oslo, 
og det har slått meg heilt ut.
Så derfor gjer eg det enkelt og legg ut nokre Iphone-bilder i dag. Tatt med app'en Hipstamatic.


torsdag 2. juni 2011

Vigelandsparken







Andre dagen i Oslo var vi i Vigelandsparken.
Eg gløymte bestekamera(ten) på hotellet og måtte bruke eit lite kompaktkamera til desse bildene. Funkar greit, men ikkje optimalt.

Vigelandsparken er verdens største skulpturpark utført av ein kunstnar (ref. parken sine heimesider).
Eg trur eg var i gjennom alle følelsane når eg gjekk rundt der. Eg lo, eg vart trist, eg vart sint, eg var glad    - men mest av alt begeistra. Og audmjuk.

For ein kunstnar, for ein park.